Historie

img-2071037-0001

M.Nistad AS er eit familieeigd aksjeselskap med sterk lokal forankring. Magnus Nistad starta opp firmaet i 1967 og fekk då avtale med Bygstad Meieri om å køyre melkerute i Gaular kommune. Han utvida gradvis og året etter begynte han å køyre fløyte frå Bergensmeieriet i Sunnfjord til Bergen. Same året fekk han og kontrakt med Hansa for transport av øl og brus mellom Bergen og Vadheim.

13Magnus var den første som starta opp med transport med bil mellom Sunnfjord og Bergen. Før den tid gjekk all transport med båt.

Det var vanskeleg å drive transport mellom Sunnfjord og Bergen både pga. dårleg vegstandard, men også fordi det den gang var sterkt politisk ønskje om prioritere transport med båt til Bergen. I 1977 blei lengdebegrensing på bil endra og det vart lovleg å køyre med bil opp til 18 m. Dette gjorde at trafikken auka vesentleg.

Både Hansa og Tine Meieriet som Magnus starta opp med er framleis store kundar av oss.

Beliggenhet

Magnus Nistad AS har base på Sande i Sunnfjord, midt i Sogn og Fjordane. Sande er kommunesenter i Gaular kommune som strekker seg frå Gaularfjellet i aust til inste del av Dalsfjorden i vest. Sande ligg 22 km frå Førde og vel 150 km frå Bergen. Kommunen har i all hovudsak vore ein jordbruks kommune, men har fleire solide bedrifter som har bygd seg opp, spesielt innan transportnæringa. Gaular er ein god kommune å bu i, vi har eit godt tilbod innan barnehage og skule og det er gode høve både for leige og kjøp av husvær. Kommunene ligg i eit unikt område med vakker vestlandsnatur frå fjord til fjell som berre må opplevast.

Frå Sande kan ein velge fire køyreretningar.

  • 20 min. til Førde, og 1 time og 15 min. til Florø
  • 30. min. til Dale
  • 2,5 time til Bergen
  • 7 timar til Oslo

Selskape har eiget serviceanlegg som består av

2500m2 lager – frys/kjøl/tørr, med 5 lastedokker, kontor, kjøkken og garderobar for dei tilsette.

I tillegg er det verkstadhall, smørehall, vaskeanlegg og eige drivstoffanlegg.

I 2013  starta arbeidet med utvikling av eit nytt og større tomteområde like vest for dagens anlegg. .

Bilde av stasjon vedlegg 2 (002)

Nytt areal

I oktober 2012 begynnte vi gravearbeidet på ny tomt. Den nye plassen har heile 35 mål. Til dette arbeidet har vi kjøpt inn 2 gravemaskiner, ein dumper og diverse anna utstyr for å klare å gjere det meste av arbeidet sjølv.

10421125_10152768969018405_6304875124224090364_n

Bilpark

  • Vår bilpark som omfattar 40 køretøy er moderne med relativt låg gjennomsnittsalder.
  • DAlle bilar er med Euro 6 motorar.
  • Alle bilane med unntakt av 3 er termobilar.
  • Påbygg med inntil 3 uavhengige temperatursoner som sikrar kvalitetsmessige og effektive transporter for alle vareslag.
  • System for temperaturlogging, med alarm for avvik og sikker dokumentasjon for heile transporten.
  • Velutstyrte bilar som sikrar optimal effektivitet og trivsel for sjåførane.
  • Program for forebyggande service som sikrar påliteligheit og minimal ståtid.

29541084_10156075040203405_6453023806389085493_n

Aktivitet

Firmaet har i dag 70 tilsette og omsetning i 2022 var ca. 130 millionar..

M.Nistad AS disponerar 40 bilar.

Ca. 25 % av bilane blir brukt på daglege distribusjonsruter rundt om i Sogn og Fjordane.

75 % av bilparken blir brukt til langtransport der vårt hovudmarked er Sør-Norge.

Bedrifta er ein god og sikker arbeidsplass med dyktige sjåførar.

Sjåførane bruker elektronisk utsyr som nyttast både i forhold til VolvoConnect-oppfølging, men har også innstallert selskapet Invid AS sin IT-løysing for informasjon, kommunikasjon og registrering av ma. timar, vaskelogg og dieselfylling.

3757043

Omdømme

M.Nistad AS driv ei seriøs transportforretning innafor lova sine rammer, og har meget godt omdømme blandt kundar og myndigheiter. Bedrifta jobbar i samarbeid med myndigheitene, kundar og levrandørar, målretta med sikkerheit , kvalitet , helse og miljø og har eit etablert kvalitetssystem. Internkontroll-systemet dekkar alle krav av IK mat og BCR – standarden.

Kundeprosedyrar som beskriv avtaler og rutinar for utføring av oppdrag for kundane inngår som ein del av Sjåførhandbok.

Firmaet har hatt dei same kundane sidan oppstart i 1967, i tillegg til at det etterkvart har komme fleire.

67890522_10157287421103405_1031028644824219648_o