Nortura BA

Nortura BA har ei omsetning på ca. 15 milliarder kroner, og produserer over 200.000 tonn slakt og 30.000 tonn egg. Med industriverksomheit i 41 kommunar og 18 fylker sysselset konsernet 7000 medarbeidarar.

Vi transporterer Gilde produkt mellom produksjonsanlegg på Vestlandet, stort sett frå Førde i nord til Egersund i sør. Mellom desse anlegga har vi fleire daglege ruter. Vi har og transportavtale som gjeld mellom Gilde anlegga på Vestlandet og anlegga på Østlandet.

gilde bil smal

Nordfjord Kjøtt

Nordfjord Kjøtt er ei privat- eigd slakteri bedrift som ligg i Loen i Stryn kommune. Selskapet har ei omsetning på ca. 1 milliard. Vi har transport-avtale med firmaet, og køyrer daglege ruter mellom Loen – Bergen og Loen – Stavanger.

1623754_10151878368056895_432832924_n

Hansa Borg Bryggerier ASA

598579_10151854399528405_735856944_n

Hansa Borg Bryggerier ASA er eit av dei største bryggeria i landet. Hansa har 4 produksjonsanlegg,

  • Hansa i Bergen
  • Hansa Borg i Sarpsborg
  • Christiansands Bryggeri i Kristiansand
  • Olden Brevatn i Stryn kommune

Firmaet har hatt transportavtale med Hansa i 40 år. No er det vi som syter for all transport vedrørande Olden – anlegget. Det gjeld både transport av tomfalsker til Olden frå Lidkøping i Sverge, og all transport av ferdige produkt ut frå Olden.

I Hansa – systemet har vi ca. 8 vogntog.

1483314_10152060895878405_209873486_n

 

 

Tine Meieri

For Tine Meieri avd. Byrkjelo, har vi transportert og distribuert melk og meireriprodukt i over 40 år. Vi har faste distribusjonsruter som går dagleg i Sogn og Fjordane.

Vi har daglege avganger mellom Tine Meieri Oslo til Tine Meieri Bergen. Vi køyrer og mellom Tine anelgget i Bergen til Oslo og Sem.

Osten som blir produsert på Byrkjelo som skal til Tine sitt sentrallager på Heimdal er det vi som transporterar.

Isklar som blir produsert på Hovland i Hardanger har vi all transport av til Tine Oslo.

Bil med Tinereklame

 

Isbjørn is og Den Norske Isbilen

Isbjørn Is har kapasitet til å produsere 1/3 av behovet i Norge.

På fabrikken på Askøy utenfor Bergen produserer dei opptil 35.000 stykkis i timen, med automatiserte produksjonslinjer for ispinner, krone-is, beger-is, 2 liter Isboks, iskaker og fromage produkter. Vi køyrer is sør for Trondheim til Isbjørn is og Den Norske Isbilen.