I tillegg til obligatorisk opplæring ved oppstart i ny jobb hjå oss har firmaet ein eigen app som er utvikla av invid, www.invid.no :

Her må sjåførar og andre tilsette dagleg inn for å registrere timar, vaskeloggar, avviksmeldingar osv.

 

Det første som møter ein der er ei informasjonsida. Her er informerer vi om nyhende og diverse kunderelatert info. Sjåførane må dagleg registrere timane sine slik lova krev det, dvs. at dei registrerer køyretid, tilgjengelegheitstid, anna arbeid og pausar.

Alle rutinar, kundeprosedyrar og sjåførhandbok er lett tilgjengeleg via denne sida. Ein finn også telefon-nummer til sjåførar, i tillegg til kontaktinformasjon til relevante bedrifter som vi har tett samarbeid med, og som vi utfører oppdrag for.

Ved å bruke appen når informasjonen effektivt ut til alle, uansett kvar i landet ein er. Alle tilsette får same informasjonen til same tid, programmet effektiviserer arbeidet vårt, og er enkelt og oversikteleg i bruk.

Våre sjåførane må halde seg oppdatert med diverse kurs, her kan nemnast kurs i skadeforebyggjande arbeid, termokurs, hygienekurs, kunderelaterte kurs osv.

Vi har også eige opplegg for økonomikøyring, nye sjåførar får tilbod om slikt kurs, i tillegg til oppfrisking av eksisterande sjåførar .

HMS – helse, miljø og sikkerheit.

Vi nyttar Stamina bedriftshelseteneste, som har avdeling i Førde. Dei hjelper oss i høve risiko- og miljøkartlegging i tillegg til å yte eit godt tilbod om bedriftshelseteneste for alle våre tilsette. Med hjelp frå Stamina har bedrifta fått eit oppdatert og levande HMS-system, som bidreg til at arbeidsdagen skal bli så bra som mogeleg.